Jens Haugan - Ivar Aasen var ein travel mann - rockeversjonen

Поділитися
Вставка
  • Опубліковано 9 вер 2024
  • Rockeversjonen av Ivar Aasen var ein travel mann - The Ivar Aasen Party Song
    Ivar Aasen var ein travel mann Tekst/musikk: Jens Haugan
    INTRO:
    Ref.:
    Ivar Aasen var ein travel mann. Han leita etter ord.
    Han reiste over land og strand. Han sette sine spor.
    1. Spora hans var djupe og store. Han hadde digre føter.
    Men tankane var enda større. Han skulle finne ordas røter.
    Ref. Ivar Aasen var ein travel mann. Han leita etter ord.
    Han reiste over land og strand. Han sette sine spor.
    2. Orda grodde vel og godt i krinkel og i krok.
    Ivar Aasen skreiv dei alle ned og gav dei ut som bok.
    Ref. Ivar Aasen var ein travel mann. Han leita etter ord.
    Han reiste over land og strand. Han sette sine spor.
    3. Ei bøying her, ei bøying der; han såg systematikk.
    Aasen rydda og fekk det til. Det blei ein grammatikk.
    Ref. Ivar Aasen var ein travel mann. Han leita etter ord.
    Han reiste over land og strand. Han sette sine spor.
    4. Grammatikk og ordbok måtte til. Noreg hadde no eit språk.
    Restaurert så blankt og fint. Men så blei det bråk.
    Ref. Ivar Aasen var ein travel mann. Han leita etter ord.
    Han reiste over land og strand. Han sette sine spor.
    5. Mange ville ha det danske sprog. Ein kunne flikke her og der.
    Det var då sikkert meir enn nok. Lære nyt er blot besvær.
    Ref. Ivar Aasen var ein travel mann. Han leita etter ord.
    Han reiste over land og strand. Han sette sine spor.
    SOLO:
    6. Enden på visa er svært spesiell. Det enda med to språk.
    Språkleg mangfald er reelt. Dess fleire stemmer, dess meir bråk.
    7. Men eitt namn er på alles munn. Nokon er imot og nokon for.
    Ivar Aasen, han var verkeleg stor. Han sette sine spor.

КОМЕНТАРІ • 5