Moddi - Midt iblant oss

Поділитися
Вставка
  • Опубліковано 13 жов 2024
  • Live performance from Haug kirke, Ringerike. Taken from the new album "Vandreviser", released 24 May 2024.
    ---
    Eg trur ikkje på Gud. Likevel hadde eg fleire nære og intense møte med Jesus på pilegrimsleden 🌿
    Idet nytestamentet startar, forandrar Bibelen seg frå ei trøyttande slektstavle til eit flammande kampskrift. Den Jesus som openberrar seg i evangelia, er ein revolusjonær idealist - ein som går døden rakt i møte heller enn å svikte sine eigne ideal.
    Det er mykje eg kan like med Jesus. Ein av tinga er korleis han insisterar på at Gud - eller det gode - ikkje kan forståast på nokon rett fram måte. Det er omskifteleg og foranderleg, flyktig og allstadsnærværande på ein gong. Slik som når Jesus blir spurt om Guds rike i Lukas' evangelium:
    "Ein gong spurde farisearane Jesus når Guds rike skulle koma. Han svara: «Guds rike kjem ikkje slik at ein kan sjå det med auga. Ingen kan seia: ‘Sjå her er det’ eller: ‘Der er det.’ For Guds rike er midt iblant dykk." (Luk 17, 21)
    … og som ein ekstra liten teologisk godbit, står det som fotnote i skrifta: "Kan òg omsetjast «Guds rike er inne i dykk»"
    Noko slikt kan eg faktisk tru på.
    ---
    Foto: Martin Bremnes og Mathias Lohne
    Klipp: Jørgen Nordby
    Miks: Sivert Henriksen
    Takk til Lena Rós Matthíasdóttir og Haug kirke.

КОМЕНТАРІ • 3

  • @patriciacauret8472
    @patriciacauret8472 4 місяці тому +1

    Toujours un grand plaisir de vous écouter ❤❤

  • @MichaEla-gv9ng
    @MichaEla-gv9ng 4 місяці тому +3

    So beautiful, thank you for your music ❤

  • @edwarez
    @edwarez 4 місяці тому +4

    I don't understand the words, but I think the voice, his tone and his gestures translate a lot of emotions, incredible.
    Greetings from Colombia