Feigum Mølle

Поділитися
Вставка
  • Опубліковано 23 лис 2022
  • ⬇️ Video kapittel nederst i beskrivelsen ⬇️
    I Luster kommune som for store delar av landet vårt har me tradisjon for å ta vare
    på og verna om viktige kulturminne. Kvifor gjer me det?
    Denne filmen, med tittelen Feigum mølle, er tileigna kulturminnevernet.
    Dei aller fleste kulturminna er i privat eige, og både motivasjonen og viljen til å
    engasjere seg i eit aktivt vern vil variere. Det som svært ofte vil vera spennande for
    både eigaren og framtida sine brukarar av kulturminna er formidlinga av historia og
    den aktiviteten som var direkte knytt til kulturminnet.
    I denne filmen om Feigum mølle får du også meir kunnskap om dei ungdomane som
    søkte til «profetskulen» i «Feigao». Først og fremst for å bli læresveinar for møllaren
    Hans Feigum som var inspirert av den religiøse vekkinga til industri- gründeren
    Hans Nielsen Hauge. Denne rørsla som fekk namnet «Feigianismen» hadde aktivitet
    langt utover Luster og Sogn, men døydde ut etter Hans Feigum sin død i 1874.
    Eigaren av denne mølla, Kjell Feigum forklarar kva som for han har vore viktig i
    planlegginga, søknadsprosessen og tilskot til arbeidet, - men også om erfaringar han
    har gjort seg undervegs i restaureringsarbeidet.
    Lokalisert langs den «romantiske vegen» mellom Skjolden og Kinserdal, er Feigum
    mølle «som plommen i egget» - eit kulturminne i ein storslegen natur. Dette
    aktualiserar spørsmålet me også stiller: korleis kan eit kulturminne få rolla som ein
    attraksjon for eit breidare publikum?
    Kulturminnevern er også politikk. Politiske mål og visjonar kjem som oftast til
    uttrykk i offentlege planar. Men like viktig er rettleiing og prosjektutvikling i eit
    samarbeid mellom det offentlege og private aktørar. For Luster kommune er
    Kommunedelplan for kulturminne og kultur-miljø eit overordna styringsdokument
    som også prioriterer satsings-områda framover. Ein plan skal leggja grunnlaget for
    bruk og forvalting av kulturminne som verdiskapar. Dette inneber at forvaltning av
    kulturminne skal knytast til ein bevarings- og utviklingsstrategi - eit framtids-
    perspektiv.
    Fundamentalt er eit kulturminne som kjelde til kunnskap - det å utvikle og spreie
    kunnskap om kulturarven som ressurs. Kommunen vil formidla kunnskapen om
    kulturarven i Luster kommune gjennom fokus på identitet, særpreg ved staden,
    symbolbruk, omdøme og attraktivitet. Kunnskap skal vera grunnlaget for å sikra
    verdifulle kulturminne for framtida. Kunnskap om den lokale kulturhistoria og
    kulturminna må formidlast til alle - men med prioritet på barn og ungdom. Me skal
    og styrka kunnskapen og formidlinga om mangfaldet og særtrekka ved
    kulturhistoria og kulturminna i Luster.
    --------------------------------------------------------------------
    0:15 Innleiing med Ivar Kvalen - ordførar i Luster
    - Kva er ei mølle? -
    1:44 Funksjon og kraft
    2:21 Starten på ein lokal industriproduksjon
    3:15 Samlingsplass for religiøst engasjerte
    - Lokalisering - Naturressursen -
    3:40 Den romantiske vegen - Urnes, Kroken, Feigum, Sørheim, Skjolden
    5:59 «Feigr» - enden er nær
    6:53 Fjorden som trafikkåre
    - Gründerverksemda og «profet-skulen» -
    7:53 Hans Nielsen Hauge og Hans Feigum
    8:27 Feigianismen - kva kjenneteiknar den?
    8:58 Profet-skulen
    10:12 «…som når du sleppe ei kvedn laus»
    - Bygningsvern, Kjell Feigum -
    10:27 Kulturelle verdiar
    11:32 Forprosjekt
    13:46 Delprosjekt
    14:03 Kostnadsoverslag
    14:18 Tidsfristar
    15:11 Samspelet med kommunen
    15:29 Finansiering
    16:29 Det å skrive søknader
    17:32 Dokumentasjonar
    19:18 Aksept i nærmiljøet
    - Feigianismen -
    20:08 Andre kulturelle verdiar
    20:35 Aktiv møteplass
    - Attraksjonsverdien i og ved Feigum -
    21:09 Tilkomst frå fjorden, via Fv 5637 samt naturkvaliteten
    - Kulturminne i eit framtidsperspektiv -
    21:37 Formidle kunskap om staden, identiteten til oss som bur her samt symbolbruk, omdøme og attraktivitet

КОМЕНТАРІ • 1

  • @northof-62
    @northof-62 21 день тому

    Litt av en vei utover der !