Brimkjelen - naturfenomenet i Luster

Поділитися
Вставка
  • Опубліковано 3 жов 2024
  • Brimkjelen - eit naturfenomen i Luster
    Tunsbergdalsbreen er ein av dei største og lengste brearmane av Jostedalsbreen og ligg i Luster kommune. Jøkulhlaup frå Brimkjelen, eit bredemt vatn på vestsida av Tunsbergdals-breen, har tidligare ført til alvorlege flaumar i Tunsbergsdalsvatnet og elva Leirdøla - og vidare nedover mot Leirmo og Gaupne. Store, øydeleggjande flaumar kom i 1900, 1903 - og sist dette skjedde var i 1926.
    Jøkulhlaup er ei brå tapping av ein sjø som er demt opp av ein bre, noko som fører til ein plutseleg og ofte katastrofal flaum. På same måte kan endemorenar fungere som ustabile demningar. Det kan også skje ved at vulkanutbrot under ein bre raskt smeltar store mengder is.
    Dei første teikn til Brimkjelen sin eksistens vart oppdaga i 1896. Då var det ein større flaum i Leirdøla enn i dei andre elvane i distriktet. Dette gjorde seg også gjeldande i dei tre påfylgjande åri, og i 1900 oppsto ein så stor flaum frå Brimkjelen at ei over 100 år gamal bru vart teken av elva.
    Den største flaumen oppsto i august 1926. Då eroderte elva store mengde morene i Leirdalen og førte massane med seg nedover Leirdalen og til Jostedalen slik at Jostedøla vart demd opp og sette fleire gardar under vatn. På dette tidspunktet var volumet av Brimkjelen anslege til mellom 25 og 30 mill. m3. og med nesten 100 meters djupn.
    :00 Introduksjon
    0:47 Tunsbergdalsbreen - naturfenomenet
    1:54 Bresjø
    2:13 Ingeniørgeologi
    3:17 Glasiologi
    3:31 Større hendingar
    4:03 30 mill. kubikkmeter
    4:40 Lokalisering
    5:25 Leirdølautbygginga
    8:05 Meteorologiske målingar
    8:21 Sone på isbrear
    11:17 Kart
    12:00 Større flaumar
    12:23 Sediment
    12:48 Flaumen i 1896
    13:05 Flaumen i 1900
    14:00 Jøkullaup
    14:28 Flaumen i 1926
    18:25 Flaumen i 1979
    18:58 Geografiske avgrensingar
    19:27 Alpine brear
    19:45 Bretunge
    20:18 120 - 180 minuttar frå vatnet til Brimkjelen
    20:28 Særtrekk
    21:22 Samanlikning med Supphellebreen
    22:47 Medio august
    24:25 Status 2023
    25:26 Framtidsperspektivet - kan breen veksa?
    27:04 Vår i Brimkjelen - melodi etter Oddvar Stegegjerdet
    28:07 Epilog

КОМЕНТАРІ • 3

  • @jonny1943
    @jonny1943 2 місяці тому +2

    Underbart att få vara i detta land med en så mäktig natur, tackar!

  • @mrtobbs
    @mrtobbs 9 місяців тому +2

    Kjempeflott produksjon og veldig spennede 🙂