Per Anders Buen Garnås - "Hellosen", gangar.
Вставка
- Опубліковано 16 гру 2024
- Hellos er ein gamal plass ved Bøelva i Bø i Telemark som er omtrent attgrodd no, men ein kan framleis sjå tuftene. Det har ikkje budd folk her på uminnelege tider, men den tida det budde folk her var det eit lite samfunn av små plassar i dette området, og det var eigentleg ganske sentralt i og med at det ligg langs den gamle bygdevegen mellom Folkestad og Oterholt og ferdselsvegen frå Sauherad til Bø. Det var stadig tilgang på fisk her, og landskapet var mykje opnare enn no, då dette blei bruka til beite.
Men det er i grunn lite spektakulært over sjølve plassen Hellos. Likevel er det eit historisk sus over han. Ein særs viktig del av kultursoga vår kan nemleg skrivast tilbake til denne ørvesle plassen.
Her blei Hans Hellos (1812-1873) født. Han blei ein legendarisk spelemann med mange slåttar etter seg. Ein av dei verkelege storslåttane våre ber også namnet hans: “Hellosen”. Den hadde til og med sjølvaste Møllarguten med på programmet sitt av og til når han heldt konsertar.
Ikkje få slåttar har namnet til Hellosen i seg. Det er Hellosgangar og Flatlandsspringar.
Hans hamna nemleg etterkvart på Flatland, ein gard litt lenger nord i bygda. Her fekk han tre søner som òg blei svært gode til å spela - nemleg Hans, Ola og Halvor Flatland. Desse tre var alle viktige kjelder for at familietradisjonen kunne bringast vidare til meir moderne tid. Men også heilt avgjerande for at ein svært stor del av arven etter Møllarguten og Leiv Sandsdalen framleis er bevara.
Men det stoppar ikkje der. Hans Hellos hadde nemleg ein onkel med namn John Eriksson, som òg blei født på Hellos. Han kom seinare til Helland, også litt lenger nord i bygda, og blei den kjende felemakaren John Eriksson Helland (1790-1862).
John Eriksson Helland fekk to søner som òg blei legendariske felemakarar, nemleg Erik Helland og Eilev Steintjønndalen. Sistnemnde budde på Steintjønndalen, endå litt lenger nord i bygda - der som Bø Sommarland ligg i dag.
Erik og Eilev reknast som dei to viktigaste i landet når det gjeld å utvikle instrumentet hardingfele til det det er i dag.
I slektsgreinene etter desse to er det ein heil bataljon av felemakarar i generasjon på generasjon - heilt fram til den siste felemakaren i denne ætta, Knut K. Steintjønndalen, som døydde i 1969. Mange av dei høgast prisa hardingfelene på marknaden i dag er laga av felemakarar i denne ætta.
Eg blei inspirert til å taka opp ei Knut E. Steintjønndals-fele frå 1899, som eg låner av Dextra, då eg kom heim frå ein tur forbi Hellos sist helg. Samtidig var eg huga på å spela nettopp gangaren Hellosen. Då blei det til at eg spela han fyrst og fremst etter bøheringane Jens Amunden og Tollef Forberg. Tollef lærde slåtten direkte av Halvor Flatland.