Tollak til Ingeborg | Trailer

Поділитися
Вставка
  • Опубліковано 9 жов 2023
  • På turné med Riksteatret hausten 2023.
    Eit uhyre sterkt portrett og eit intenst familiedrama.
    Dei kallar han Tollak til Ingeborg. Alle veit om den gamle stabukken som bur oppe ved sagplassen. Alle veit at ungane hans ikkje kjem heim så ofte. Alle veit han tok til seg han dei kalla Oddotosken. Og alle hugsar den gode kona hans. Men det er noko folk ikkje veit.
    Det er på tide å fortelje.
    Lesarane og kritikarane vart vilt begeistra då Tollak til Ingeborg av Tore Renberg kom i 2020. Historia om stabeisen Tollak rører folk over heile landet med 70.000 selde eksemplar av romanen. No kjem sceneversjonen, dramatisert av forfattaren sjølv. Fem skodespelarar står på scena i dette intense familiedramaet om kjærleik og blodsband, om vald og avmakt, og om forskjellen mellom alen furu og billeg gran.
    Regien for sceneversjonen er ved Miriam Prestøy Lie, som har markert seg med ei rekke kritikarroste framsyningar. Dette vert det fjerde samarbeidet hennar med bergenskomponisten Selma Stang, som har gjort suksess med sitt samarbeid med Aurora.
    --
    Kritikarane meiner:
    "Nynorsken har fått ein ny klassikar"
    ⚄ Bergens Tidende
    "Sterke skuespillere bærer en bekmørk forestilling som truer med å synke inn i skyggene"
    ⚄ Dagsavisen
    "Vi kjenner alle ein Tollak. Slik vi ser han på scena, kjenner vi han i oss sjølve og i kvarandre"
    Norsk Shakespearetidsskrift
    "Mørk og dirrende, med en god hovedrolleprestasjon"
    NRK
    "Ei heilstøypt framsyning med knallgode karakterar"
    Scenekunst.no
    --
    På scenen
    Kyrre Eikås Ottersen, Andrine Sæther, Malene Wadel, Sebastian Biong og Harald Ottesen Nødtvedt
    Team
    Dramatiker: Tore Renberg. Regissør: Miriam Prestøy Lie. Scenograf og kostymedesigner: Milja Salovaara. Lysdesigner: Martin Myrvold. Komponist og lyddesigner: Selma Frida Stang. Musikalsk medprodusent: Odd Martin Skålnes. Koreografisk assistanse: Kristin Ryg Helgebostad. Produsent: Silje Vigerust Vinjar
    Av Tore Renberg
    Forestillingslengde: 1 time 45 minutter (ingen pause).
    Urpremiere: Førde 28. sep 2023
    Produsert av Teater Vestland og Riksteatret
    --
    Riksteatrets omtale: www.riksteatret.no/tollak-til-ingeborg
  • Розваги

КОМЕНТАРІ •