"BREVET" Sigrid Moldestad

Поділитися
Вставка
  • Опубліковано 8 вер 2024
  • ein av dei nye songane frå plata "Brevet til kjærleiken" som kjem 14 Februar,
    www.grappa.no
    Tekst: Jan-Magnus Bruheim
    Musikk: Sigrid Moldestad
    14 februar, på sjølve valentindagen slepp Sigrid Moldestad si fjerde soloplate som har fått namnet "Brevet til kjærleiken" . Den er ein hyllest til diktaren Jan-Magnus Bruheim og kjem samstundes med hans 100 års-jubileum. Moldestad har gjort 11 av dikta hans til sine songar. Plata er produsert av Kato Ådland.
    Eg sit i kveld og skriv til deg
    og kjenner orda spire.
    Men enno står det berre eitt
    og lyser på papiret.
    Eit "Kjære" berre, står det her.
    Eg må vel finne fleire?
    men vide flakkar tankane,
    som fuglar kringom reiret.
    Det er så mangt eg skulle sagt-
    Fortenkt eg sit ved bordet
    og tenkjer, kanskje er det nok
    med dette eine ordet.
    Eg ynskjer deg-kvarhelst du bur
    langt burte eller nære,
    at du kan kjenne varmen frå
    det vesle ordet: Kjære.

КОМЕНТАРІ • 9

  • @gjaakrereister5427
    @gjaakrereister5427 Рік тому

    ❤💫

  • @elinaarskog4868
    @elinaarskog4868 10 років тому +1

    BRUHEIM er FANTASTISK - og SIGRID MOLDESTAD er ENDÅ meir FANTASTISK ! FOR EIT PAR !!!

  • @rusynlig1
    @rusynlig1 10 років тому +2

    Ho Sigrid Moldestad har gjort det igjen!!

  • @gardeninginnorway478
    @gardeninginnorway478 10 років тому +2

    Nydeleg song!

  • @knutroberthaug5884
    @knutroberthaug5884 10 років тому +2

    Vakkert og Bruheims dikt er fantastiske, gleder meg til å høre hele cd, hvor selges den mon tro ? fra en som bor på landet...

  • @jonbarejon
    @jonbarejon 10 років тому +1

    Aldeles nydeleg :)

  • @asehelenaarflot1975
    @asehelenaarflot1975 5 років тому +1

    Sigrid Moldestad stadfestar enno ein gong at kjærleik er best på nynorsk

  • @karimelheim5966
    @karimelheim5966 10 років тому +2

    Vakrare blir det knapt?