Noreg i dans og spel: 30. Nord-Trøndelag - Verdal

Поділитися
Вставка
  • Опубліковано 1 лис 2022
  • 30. Nord Trøndelag - Verdal
    Opptak frå Landskappleiken, Rauland 1994.
    Maj Britt Slapgaard Larsen og Geir Egil Larsen dansar pols. Einar Olav Larsen spelar fele. Slått: Leirhaugpolsen.
    Om dansen
    Danseforma finst som type i både i Sør- og Nord-Trøndelag, somme stader vart ho kalla trondhjæmspols etter gammalt, og i dag brukar vi nemninga trønderpols. Varianten her, som er frå Verdalen har to hovuddelar; vendingsdel og samdansdel, med berre eitt motiv i kvar del. Vendingsdelen er utan snuingar under armane, gut og jente dansar side om side framover. Samdansdelen har runddanssnu, anten synkron eller asynkron eitaktssnu. Ei like vanleg form av dansen har eit motiv på staden med steg frå side til side mellom eitaktssnu og framdansinga.
    Stega i vendingsdelen er tretrinnssteg med samling av føtene på 2. taktslaget. I samdansdelen brukar både gut og jente totrinnssteg.
    Om musikken
    Einar Olav Larsen har lært slåtten frå ei noteoppskrift etter fiolspellmannen Petter Leirhaug (1888 -1982) frå Røsgrenda i Helgådalen, Verdalen. Felestillet er g-bas, g-d-a-e.

КОМЕНТАРІ •