Han Oluf i fra Rallkattlia året 1988

Поділитися
Вставка
  • Опубліковано 2 гру 2024
  • Han Oluf i fra Rallkattlia året 1988
    Denne videon er et VHS rip og rendret ut til digitall redigert og renset for støy på lyd og på video
    videon er i HD 1080 p 25 fps
    Litt om
    Arthur Arntzen / Oluf
    er ein norsk journalist, artist og forfattar. Han er særleg kjend for framføringa si av figuren Oluf, som han har turnert med på tallause scener, og som elles er presentert i bøker, på plate, på teater og TV.
    Arthur Arntzen vart fødd i Tromsø. Han voks opp i tronge kår ulike stader på Tromsøya, i Gratangen og Tromsdalen. I 1960 tok journalistkarrieren til, først i avisa Tromsø fram til 1964, deretter ved Lofotpostens Tromsø-kontor i 1964-1968 og sidan ved Dagbladets Tromsø-kontor i 1968-1989.
    I tillegg til dei mange bøkene om Oluf og dei andre figurane i den fiktive Rallkattlia har Arntzen skrive fleire andre bøker, mellom anna ein serie om nordnorsk forteljartradisjon og humor, men også om tema som kunst, lyrikk og fotball.
    Foreldra til Arntzen, Petter Berg Arntzen og Olga (fødd Moshaug), kom frå Gratangen, men dei drog til Tromsø då det var på det reine at Olga bar det første barnet deira. Dei livnærte seg av ymse dagarbeid og vaskejobbar og flytta mykje rundt på Tromsøya, men faren vart etter kvart stadig meir arbeidsufør. I sjølvbiografien Småkarer under frostmåne, som han skreiv saman med Arvid Hanssen,fortel Arntzen om ein oppvekst i materiell fattigdom, som samtidig var prega av mykje humor og varme, og som gav han mange lyse minne.
    Oluf vart skapt i ungdomslaget
    Som tenåring gjekk Arthur Arntzen i ungdomslaget Freidig i Tromsdalen, der familien då budde, og han tok til å opptre i laget med underhaldningsinnslag med figuren Oluf. Han arbeidde to sesongar som dreng på garden Bakkeringen i Balsfjord, og opplevingane gav inspirasjon til utforminga av Oluf sin heimegard Rallkattlia. Arntzen brukte også mange kveldar på Nattkafeen i Tromsø, der han sat og lytta til samtalane omkring seg.
    Samtidig som han var journalist, heldt Arntzen fram med å opptre med Oluf, som vart vide kjend for skinnhuva, den muntre fliren og kommentarane sine til aktuelle samfunnshendingar. Frå 1964 fekk han selskap av «han Karlsen» - dåverande sjef i NRK Troms, Håkon Karlsen - og fram til 1979 opptredde dei to saman på scener over heile landet og i radio og fjernsyn. På 1980-talet vart Tore Skoglund den nye parhesten til Oluf, og dei turnerte land og strand.
    I 1989 sette Hålogaland Teater opp ei eiga framsyning med Oluf, som vart den største suksessen i teaterets historie, og som vart vist over heile landet og seinare på TV. Men oppsetjinga utløyste også ein debatt om den kraftige språkbruken til Oluf-figuren og parodieringa av nordlendingar, som
    skapte stort engasjement.
    Med bøkene Æ lyg ikkje (1986), Æ sei ikkje meir (1989), Det svær æ på (1992) og Æ gjer mæ ikkje (1994) sette Arntzen med eit fargerikt språk og eit vell av småhistorier søkjelyset på nordnorsk forteljartradisjon, humor og folkelynne. I 1996 gjekk han til scena igjen med Den fordømte nordlendingen, ei oppsetjing der han tek eit oppgjer med dei historiske mytane om folket i Nord-Noreg, og som seinare også vart bok.
    Litteraturhistorikaren og nordlendingen Nils Magne Knudsen har påpeika at Arthur Arntzen er blitt populær over heile landet takka vere at humoren hans er varm og venleg, ikkje kald og infam. Andre har derimot heva kritiske røyster mot Arntzen sin leik med mytane om Nord-Noreg, og ikkje minst mot reaksjonane hans på å bli karikert sjølv. Journalisten Andreas Hompland framheva at heile prosjektet med Oluf lett kan bli undergrave dersom Arntzen blir for sjølvhøgtideleg.

КОМЕНТАРІ •