Luke 8: Kva snurrebass spinn lengst?

Поділитися
Вставка
  • Опубліковано 6 гру 2020
  • I denne episoden viser Eirik og Markus korleis eit gyroskop - «elektrisk snurrebass» - fungerer.
    Eirik og Markus er begge studentar ved UiS og jobbar som studentassistentar ved skulelaboratoriet i realfag.
    Du treng:
    Nokre snurrebassar
    Eit gyroskop
    Ei metallplate e.l.
    Kva skjer:
    Du har heilt sikkert lekt med manuelle snurrebassar av forskjellige slag. Desse består av ein pinne som står vinkelrett i sentrum av ei skive og når du snurrar den over ein viss fart, held spinnet på skiva snurrebassen oppe, det vil seie at spinnkrafta er større enn tyngdekrafta. Snurrebassen veltar fyrst når tyngdekrafta blir større enn spinnkrafta.
    Her lekte vi oss med forskjellige snurrebassar. Frå dei enkle manuelle i tre, til meir avanserte elektriske gyroskop. I tillegg hadde vi ei rund metallplate som var svakt bogeforma i midten. Vi sette skikkeleg stor fart på gyroskopet med ein tilpassa motor. Den snurra veldig lenge før den velta, mykje lenger enn det mekaniske gyroskopet!

КОМЕНТАРІ •