Ingar Ranheim - Halling Valdres
Вставка
- Опубліковано 21 тра 2024
- Dato: 03.11.1978
Stad: Sildrehuset på Valdres Folkemuseum
Dansarar: Ingar Ranheim, Bjørn Strand, Syver Gjevre. Thor Herman Bøhle (Hamar)
Spelmann: Torleiv Bolstad - hardingfele
Dans: Halling
Innsamlarar: Egil Bakka og Ingar Ranheim
I kommentarfeltet til innsamlinga skriv Egil Bakka: Då Ingar Ranheim var på vitjing i Trondheim i lag med ein del andre yngre dansarar frå Valdres, vinteren 1977(-78), kom vi til å prata om at vi burde ha fått samla ein del eldre hallingdansarar til filming, og Ingar lova å ta seg av det. Det var vanskeleg arbeid, for det var få som hadde drive noko større med det av dei eldre, og dei kjende seg for gamle til å kunna syna noko.
Utpå hausten i 1978 hadde han likevel ein del namn, og vi avtala filming 30. oktober i samband med ein del anna reising eg hadde. No nådde ikkje eg fram til Valdres den dagen pga. eit steinras på Bergensbanen natta før, og så vart det 3. november i staden.
Vi var blitt samde om at det skulle vera både dei eldre karane og nokre av dei aktive yngre dansarane med under filminga, og det vart det. I tillegg til dei frå Valdres var Thor H. Bøhle frå Hamar tilfeldigvis på Fagernes i samband med arbeidet sitt, så han og kona var til stades.
Av dei eldre var det særleg Einar Bø, Olav Dalen og Ivar Bang som hadde vore verkelege hallingdansarar. Olav Dalen og Håkon Øde kom noko etter at arbeidet hadde starta, pga ei mistyding med skyssen.
Det varte ikkje lenge før vi fekk dei eldre til å syna eit og anna, sjølv om dei slo seg unna i starten. Ingen av dei orka å danse lenge om gongen, men dei synte korte delar fleire gonger. Eg let lydbandopptakaren gå under det meste av turgjennomgangen, men han stogga under gjennomgangen av kastet pga ei sikring som rauk.