Grupperotur frå Lygra til Feste

Поділитися
Вставка
  • Опубліковано 8 вер 2024
  • Torsdag 15. september var ei gruppe på over 30 lærarar på UNESCO-nettverkseminar på Lyngheisenteret i regi av FN-sambandet og Nordhordland Biosfæreområde. På slutten av dagen fekk dei prøva seg med årene i fem større Oselvarar i nordavindskuling på 12-13 m/s og vannrett regn. Roturen starta med utgangspunkt i Utlurevågen vest på Lygra, vestover Lurosen og med avslutning på Feste. Dei fem båtane var åttringen Harald, båteigar Vestland Fylkeskystlag. Seksæringane Kvernbit og Carbon, båteigar Kvernbit IL Ro&Seglgruppe, seksæringen Fløttmann II, båteigar Sandviken Kystlag/Norges Fiskerimuseum/Bergen Kystkultursenter og seksæringen Babben, båteigar Hordamuseet. Instruktørar var Atle Bergseth, Kåre Bjørkheim og Arne Øi. Opplegget var ein pilot organisert av Kystkultur.no for å hausta røynsler med gruppetur med større båtar.

КОМЕНТАРІ •