Arendalsveka: Kva er god læring. Om nettbrett, papir og makt i skulen

Поділитися
Вставка
  • Опубліковано 11 сер 2024
  • nffo.no/aktuel...
    Korleis lærar elevane best mogeleg, og har me ein skule som legg til rette for dette. Er det politikarane eller fagfolka som skal avgjere kva læremiddel skulen skal nytte i framtida. Korleis ruste elevane til å handtere fakta- og informasjonsflaumen utan å miste konsentrasjonen, livslysta og leseferdigheitene på vegen?
    Regjeringas forslag om 300 millionar kronar til skulebøker på papir blei klubba i Stortinget 21. juni, og utbetalingane til kommunene vil kunne skje rett over sommarferien. Er dette god medisin for ein skule som mange hevdar står i ein nettbrettkrise, og korleis sikre maks effekt av denne ekstraløyvinga?
    Kom for å høyre panelet, som består av dyktige kunnskapspolitikarar, læremiddelopphavarar og fagpersonar med hjarte for skulen.
    Panel:
    Arne Vestbø, generalsekretær, Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening (NFFO)
    Thom Jambak, 2. nestleiar, Utdanningsforbundet
    Hege Bae Nyholt, leiar, Utdannings- og forskingskomiteen, Stortinget, Raudt
    Madelen Kloster, påtroppande leiar, Elevorganisasjonen
    Øystein Mathisen, Utdannings- og forskingskomiteen, Stortinget, Arbeiderpartiet
    Astrid Sverresdotter Dypvik, ordstyrar, Redaktør, Syn og Segn
    Arrangementet er eit samarbeid mellom NFFO og Utdanningsforbundet.

КОМЕНТАРІ •